torsdag 15. oktober 2015

SV og Venstre fremmer forslag om dobbelt statsbrgerskap i Stortinget

Bakgrunn

Dette forslaget har til føremål å sikre at utlendingar som søkjer om norsk statsborgarskap får høve til å oppretthalde sitt opphavelege statsborgarskap, samt at norske statsborgarar som søkjer statsborgarskap i eit annet land ikkje er tvungne til å gje frå seg sitt norske statsborgarskap. Eit moderne demokrati bør ikkje tvinge frie menneske til å seie frå seg eit statsborgarskap dei har fått og ønskjer å halde på.

Spørsmålet om dobbelt statsborgarskap

Noreg har dei siste åra opplevd større og større påvirknad frå globalisering, og jamnt aukande innvandring til landet. I dag er det nær 670.000 invandrarar i Noreg, som no har eit samla folketal på 5.109.056. Aukande migrasjon gjer at mange i dag kjenner seg knytte til fleire land. Dette skjer som følgje av studiar, arbeid og giftermål på tvers av landegrensene. For mange med sterk tilknytning til fleire land er det tungvint og vanskeleg å skulle seie frå seg statsborgarskap, og forslagsstillarane er av den klare meining at høvet til å ha to statsborgarskap vil gjere livet enklare, integreringa betre og rettferds- og inkluderingskjensla sterkare for mange borgarar.   

Stoda i andre land

Om lag halvparten av landa i verda tillet dobbelt statsborgarskap. Til dømes er dette lovleg i samanliknbare land som USA, Canada (1977), Sverige (2001), Island og Finland (2003), Belgia og Tyskland (2007), Australia (2002), Storbritannia (1948), Danmark (2015) og New Zealand. Dette er alle land som mottek mange norske innvandrarar. Noreg er eit av svært få land der ein mistar statsborgarskapet ved søknad om framandt statsborgarskap, utan høve til unnatak. Hellas, Spania, Litauen, Liechtenstein, Polen og  Slovenia har avgrensingar på statsborgarskap for utlendingar i landet, men ikke for statens eigne innbyggjarar i utlandet. Kun 6 ut av Europas 46 stater tillet ikkje dobbelt statsborgarskap, noko som medfører at over 90 % av europeiske borgarar har rett til dobbelt statsborgarskap. Forslagsstillarane finn det også verdt å nemne at i land som Danmark, Sverige, Tyskland og Finland har reglar om dobbelt statsborgarskap blitt innført med breie og blokkoverskridande fleirtal.

Utviklinga internasjonalt har medført at prinsippet om eitt statsborgarskap i stor grad er forlete.  Opning for dobbelt statsborgarskap er no den normale rettstilstanden både i Europa og i Norden. Forslagsstillarane meiner at også Noreg treng å modernisere sin statsborgarlov. Ei slik modernisering bør ha som siktemål å sikre sterakre tilknyting til landet, samt like moglegheiter og demokratiske rettar for innvandrarar til Noreg så vel som utvandrarar frå Noreg.

Sist gong Stortinget tok stilling til spørsmålet om dobbelt statsborgarskap var i innstillinga om lov om norsk statsborgerskap (statsborgerskapsloven)[1], Ot.prp. nr. 41 (2004-2005). Til grunn for stortingshandsaminga låg innstillinga frå Statsborgarskapslovutvalet ( NOU 2000:32), der fleirtalet gjekk inn for at det skulle vere mogleg med dobbelt statsborgarskap. Dei konkluderte med at spørsmål knytt til stemmerett og valbarheit, verneplikt, høve til å yte vern og bistand i utlandet og tryggingsomsyn ikkje talar mot at folk skal kunne ha dobbelt statsborgarskap. Tvert imot talar fleire av de samme forholda nettopp for å tillate det. I tilleg kjem høvet til å representere Noreg i idrett, søkje støtte frå Statens Lånekasse, retten til norsk pass og moglegheit til å ta enkelte offentlege stillingar. Argumentet om dobbelt verneplikt som argument mot dobbelt statsborgarskap er heller ikkje særleg relevant, sidan Noreg har gjort ei rekke avtalar med andre land om avtening av verneplikt, grunna i omsynet til dei borgarane som av ulike årsaker har dobbelt statsborgarskap i dag.

Nordmenn i utlandet

            Moglegheit for dobbelt statsborgarskap vil ha stor praktisk nytte for norske statsborgarar som bur og arbeider i andre land. Mange nordmenn bur i utlandet i kortare eller langre periodar, og mange har etablert familie. For mange av desse vil det vere ein stor fordel og svært ønskjeleg å oppnå statsborgarskap i landet dei er busett i . Samstundes vegrar mange seg for å gi opp sitt norske statsborgarskap, slik norske styresmakter krev av dei, sidan dei gjerne er både familiært og emosjonelt knytt til Noreg, og ikkje vil ende i praktiske vanskar dersom dei ein dag vil returnere. Dobbelt statsborgarskap vil gjere det mogleg for denne gruppa å oppretthalde tilknyting og identitet i to land, og sikre at det er praktisk enkelt å flytte tilbake. Til dømes bur det i dag 13.000 norske statsborgarar i Danmark, og ca. 35.000 i Sverige. Begge desse landa har opna for dobbelt statsborgarskap[2][3].  

Utlendingar i Noreg

Per 1. januar 2015 var det nær 670.000 innvandrarar i Noreg iflg. SSB. I underkant av 49 prosent kom frå vestlege land – definert som EU28/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand. 51 prosent kom frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, resten av Europa og resten av Oseania. I følgje UDI fekk om lag 15.200 innvandrarar norsk statsborgarskap i 2014. Det tilsvarar 88 prosent av dei om lag 17.250 som søkte om dette. I overkant av 10 prosent av dei som fekk statsborgarskap i 2014 kom frå vestlege land. SSB skildrar utviklinga slik:

«Selv om antallet overganger til norsk statsborgarskap har økt i perioden 1977-2013, er det en stadig lavere andel blant dem som kan skifte statstilhørighet, som faktisk gjør det. Arbeidsinnvandrerne som har kommet til Norge etter EU-utvidelsen i 2004, bytter ikke i like stor grad statsborgarskap som flyktninger.»[4] 

Den årlege utviklinga i talet på overgangar til norske statsborgarskap følgjer naturleg nok i stor grad utviklinga for innvandring sju til ti år tidlegare. Når ein ser på den faktiske naturaliseringsraten, som seier noko om andelen av dei som i eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap og faktisk gjer det, viser like fullt SSB-rapporten «Overgang til norsk statsborgerskap 1977-2011» at «tilbøyeligheten til å ta norsk statsborgarskap (naturalisering) ikke er like stor de senere årene som man kan få inntrykk av ved å se på antallet overganger alene».
Svært mange som har høve til å søkje norsk statsborgarskap gjer det altså ikkje. I den nemnte SSB-rapporten vert det vist til at fleire enn halvparten av dei som let vere å søkje statsborgarskap ville gjort det dersom dei var trygge på å ikkje miste stigg gamle. Dette er ein treng som nyare forsking stadfestar på tvers av land. Migration Policy Group (MPG) påpeiker: «Forskning viser at kravet om å frasi seg det opprinnelige statsborgarskapet er den viktigste grunnen til at folk ikke vil søke om nytt statsborgarskap. I Danmark gikk andelen som søkte kraftig opp etter at reglene ble endret»[5]. For forslagsstillarane står det etter dette klart at regelverket som tvinger søkjarar til å seie frå seg sitt gamle statsborgarskap er ein hovudgrunn til at mange let vere å søkje, og trass i at dei fyller kriteriane. Dette er uheldig for integreringa, og hindrar tusenvis av menneske frå full og ikkje minst demokratisk deltaking i det norske samfunnet.

Forslagsstillarane meiner at Noreg bør vere eit samfunn som inkluderer og ønskjer velkomen bufaste innvandrarar som medborgarar og statsborgarar, så lenge dei respekterer og overheld våre demokratiske verdiar og landets lover. At våre nye medborgarar samstundes har tilknyting til eit anna land og kultur, bør ikkje vere til hinder for full integrering i Noreg.  

Berre norske statsborgarar har høve til å delta i stortingsval. At titusenvis av bufaste innvandrarar, som mellom anna har høve til å delta i lokalval, ikkje deltek i vår viktigaste demokratiske øving, må reknast som eit betydeleg demokratisk underskot i landet vårt. I 2004 uttalte Europarådets likestillingskomite at dobbelt statsborgarskap er ei styrke for integreringa, mellom anna grunngjeve i moglegheita for demokratisk deltaking.

Meir lempelege krav vil nordiske statsborgarar

            Forslagsstillarane viser til at det er lang tradisjon for at det vert gjort enklare å få norsk statsborgarskap for søkjarar frå andre nordiske land. Dette er grunngjeve i fellesnordisk kultur og språkleg nærleik. Forslagsstillarane viser også til Innst. O. nr. 86 (2004-2005), der ein samla komité støtta statsborgarskapslovutvalet sitt framlegg om at kravet om butid for nordiske borgarar vart lempa til to år. Det bør etter forslagsstillarane sitt syn også bli lempa på språkkravet til borgarar frå Danmark og Sverige, som etter søknad ber om dobbelt statsborgarskap. Per januar 2015 var det 19.973 og 36.887 i Noreg frå høvevis Danmark og Sverige[6]. Etter å ha oppholdt seg i riket dei to siste åra (jf. § 13 første avsnitt), bør det leggjast til grunn at danskar og svenskar – med eit morsmål som ligg svært nær norsk – ikkje treng å gjennomføre 300 timar med godkjent norskopplæring.


Forslag
På bakgrunn av dette vil følgjande representantar leggje fram følgjande forslag:

1.     Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med forslag til endringar i lov om statsborgarskap som opnar for dobbelt statsborgarskap. Reglane om tilbakekalling, krav om løysing frå anna statsborgarskap og tap av statsborgarskap må tilpassast dette nye prinsippet.
2.     Stortinget ber regjeringa legge fram forslag til ei overgangsordning som sikrar at dei som har måtte seie frå seg sitt norske statsborgarskap som følgje av erverv av framandt statsborgarskap dei siste 5 åra, vert sikra høve til å få tilbake sitt norske statsborgarskap ved søknad, uavhengig av dei ordinære krava til opphaldstid i riket. 
3.     Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om å lempe på språkkrava til danske og svenske statsborgarar som søkjer norsk statsborgarskap.
4.     Stortinget ber regjeringa legge fram desse forslaga til lovendringar for Stortinget seinast hausten 2016.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar