Bakgrunn
Dette forslaget har til føremål å sikre at utlendingar som
søkjer om norsk statsborgarskap får høve til å oppretthalde sitt opphavelege statsborgarskap,
samt at norske statsborgarar som søkjer statsborgarskap i eit annet land ikkje
er tvungne til å gje frå seg sitt norske statsborgarskap. Eit moderne demokrati
bør ikkje tvinge frie menneske til å seie frå seg eit statsborgarskap dei har
fått og ønskjer å halde på.
Spørsmålet
om dobbelt statsborgarskap
Noreg har dei siste åra opplevd større og større påvirknad frå
globalisering, og jamnt aukande innvandring til landet. I dag er det nær
670.000 invandrarar i Noreg, som no har eit samla folketal på 5.109.056. Aukande
migrasjon gjer at mange i dag kjenner seg knytte til fleire land. Dette skjer
som følgje av studiar, arbeid og giftermål på tvers av landegrensene. For mange
med sterk tilknytning til fleire land er det tungvint og vanskeleg å skulle
seie frå seg statsborgarskap, og forslagsstillarane er av den klare meining at
høvet til å ha to statsborgarskap vil gjere livet enklare, integreringa betre
og rettferds- og inkluderingskjensla sterkare for mange borgarar.
Stoda
i andre land
Om lag halvparten av landa i verda tillet dobbelt statsborgarskap.
Til dømes er dette lovleg i samanliknbare land som USA, Canada (1977), Sverige
(2001), Island og Finland (2003), Belgia og Tyskland (2007), Australia (2002),
Storbritannia (1948), Danmark (2015) og New Zealand. Dette er alle land som
mottek mange norske innvandrarar. Noreg er eit av svært få land der ein mistar
statsborgarskapet ved søknad om framandt statsborgarskap, utan høve til unnatak.
Hellas, Spania, Litauen, Liechtenstein, Polen og Slovenia har avgrensingar på statsborgarskap
for utlendingar i landet, men ikke for statens eigne innbyggjarar i utlandet. Kun
6 ut av Europas 46 stater tillet ikkje dobbelt statsborgarskap, noko som
medfører at over 90 % av europeiske borgarar har
rett til dobbelt statsborgarskap. Forslagsstillarane finn det også verdt å
nemne at i land som Danmark, Sverige, Tyskland og Finland har reglar om dobbelt
statsborgarskap blitt innført med breie og blokkoverskridande fleirtal.
Utviklinga internasjonalt har medført at prinsippet om eitt statsborgarskap
i stor grad er forlete. Opning for
dobbelt statsborgarskap er no den normale rettstilstanden både i Europa og i
Norden. Forslagsstillarane meiner at også Noreg treng å modernisere sin statsborgarlov.
Ei slik modernisering bør ha som siktemål å sikre sterakre tilknyting til
landet, samt like moglegheiter og demokratiske rettar for innvandrarar til Noreg
så vel som utvandrarar frå Noreg.
Sist gong
Stortinget tok stilling til spørsmålet om dobbelt statsborgarskap var i innstillinga
om lov om norsk statsborgerskap (statsborgerskapsloven), Ot.prp.
nr. 41 (2004-2005). Til grunn for stortingshandsaminga låg innstillinga frå Statsborgarskapslovutvalet
( NOU 2000:32), der fleirtalet gjekk inn for at det skulle vere mogleg med
dobbelt statsborgarskap. Dei konkluderte med at spørsmål knytt til stemmerett
og valbarheit, verneplikt, høve til å yte vern og bistand i utlandet og tryggingsomsyn
ikkje talar mot at folk skal kunne ha dobbelt statsborgarskap. Tvert imot talar
fleire av de samme forholda nettopp for å tillate det. I tilleg kjem høvet til
å representere Noreg i idrett, søkje støtte frå Statens Lånekasse, retten til
norsk pass og moglegheit til å ta enkelte offentlege stillingar. Argumentet om
dobbelt verneplikt som argument mot dobbelt statsborgarskap er heller ikkje
særleg relevant, sidan Noreg har gjort ei rekke avtalar med andre land om
avtening av verneplikt, grunna i omsynet til dei borgarane som av ulike årsaker
har dobbelt statsborgarskap i dag.
Nordmenn i utlandet
Moglegheit for dobbelt
statsborgarskap vil ha stor praktisk nytte for norske statsborgarar som bur og
arbeider i andre land. Mange nordmenn bur i utlandet i kortare eller langre
periodar, og mange har etablert familie. For mange av desse vil det vere ein
stor fordel og svært ønskjeleg å oppnå statsborgarskap i landet dei er busett i
. Samstundes vegrar mange seg for å gi opp sitt norske statsborgarskap, slik
norske styresmakter krev av dei, sidan dei gjerne er både familiært og
emosjonelt knytt til Noreg, og ikkje vil ende i praktiske vanskar dersom dei
ein dag vil returnere. Dobbelt statsborgarskap vil gjere det mogleg for denne
gruppa å oppretthalde tilknyting og identitet i to land, og sikre at det er
praktisk enkelt å flytte tilbake. Til dømes bur det i dag 13.000 norske
statsborgarar i Danmark, og ca. 35.000 i Sverige. Begge desse landa har opna
for dobbelt statsborgarskap.
Utlendingar
i Noreg
Per 1. januar 2015 var det nær 670.000 innvandrarar i Noreg
iflg. SSB. I underkant av 49 prosent kom frå vestlege land – definert som
EU28/EØS, USA, Canada, Australia og New Zealand. 51 prosent kom frå Asia, Afrika, Latin-Amerika,
resten av Europa og resten av Oseania. I følgje UDI fekk om lag 15.200
innvandrarar norsk statsborgarskap i 2014. Det tilsvarar 88 prosent av dei om
lag 17.250 som søkte om dette. I overkant av 10 prosent av dei som fekk statsborgarskap
i 2014 kom frå vestlege land. SSB skildrar utviklinga slik:
«Selv om antallet
overganger til norsk statsborgarskap har økt i perioden 1977-2013, er det en
stadig lavere andel blant dem som kan skifte statstilhørighet, som faktisk gjør
det. Arbeidsinnvandrerne som har kommet til Norge etter EU-utvidelsen i 2004,
bytter ikke i like stor grad statsborgarskap som flyktninger.»
Den årlege utviklinga i talet på overgangar til norske
statsborgarskap følgjer naturleg nok i stor grad utviklinga for innvandring sju
til ti år tidlegare. Når ein ser på den faktiske naturaliseringsraten, som
seier noko om andelen av dei som i eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap og
faktisk gjer det, viser like fullt SSB-rapporten «Overgang til norsk
statsborgerskap 1977-2011» at «tilbøyeligheten
til å ta norsk statsborgarskap (naturalisering) ikke er like stor de senere
årene som man kan få inntrykk av ved å se på antallet overganger alene».
Svært mange som har høve til å søkje norsk statsborgarskap
gjer det altså ikkje. I den nemnte SSB-rapporten vert det vist til at fleire
enn halvparten av dei som let vere å søkje statsborgarskap ville gjort det
dersom dei var trygge på å ikkje miste stigg gamle. Dette er ein treng som
nyare forsking stadfestar på tvers av land. Migration Policy Group (MPG) påpeiker:
«Forskning viser at kravet om å frasi seg
det opprinnelige statsborgarskapet er den viktigste grunnen til at folk ikke
vil søke om nytt statsborgarskap. I Danmark gikk andelen som søkte kraftig opp
etter at reglene ble endret».
For forslagsstillarane står det etter dette klart at regelverket som tvinger
søkjarar til å seie frå seg sitt gamle statsborgarskap er ein hovudgrunn til at
mange let vere å søkje, og trass i at dei fyller kriteriane. Dette er uheldig
for integreringa, og hindrar tusenvis av menneske frå full og ikkje minst
demokratisk deltaking i det norske samfunnet.
Forslagsstillarane meiner at Noreg bør vere eit samfunn som
inkluderer og ønskjer velkomen bufaste innvandrarar som medborgarar og
statsborgarar, så lenge dei respekterer og overheld våre demokratiske verdiar
og landets lover. At våre nye medborgarar samstundes har tilknyting til eit
anna land og kultur, bør ikkje vere til hinder for full integrering i Noreg.
Berre norske statsborgarar har høve til å delta i
stortingsval. At titusenvis av bufaste innvandrarar, som mellom anna har høve
til å delta i lokalval, ikkje deltek i vår viktigaste demokratiske øving, må
reknast som eit betydeleg demokratisk underskot i landet vårt. I 2004 uttalte
Europarådets likestillingskomite at dobbelt statsborgarskap er ei styrke for
integreringa, mellom anna grunngjeve i moglegheita for demokratisk deltaking.
Meir
lempelege krav vil nordiske statsborgarar
Forslagsstillarane viser til at
det er lang tradisjon for at det vert gjort enklare å få norsk statsborgarskap
for søkjarar frå andre nordiske land. Dette er grunngjeve i fellesnordisk
kultur og språkleg nærleik. Forslagsstillarane viser også til Innst. O. nr. 86
(2004-2005), der ein samla komité støtta statsborgarskapslovutvalet sitt
framlegg om at kravet om butid for nordiske borgarar vart lempa til to år. Det
bør etter forslagsstillarane sitt syn også bli lempa på språkkravet til
borgarar frå Danmark og Sverige, som etter søknad ber om dobbelt
statsborgarskap. Per januar 2015 var det 19.973 og 36.887 i Noreg frå høvevis
Danmark og Sverige
.
Etter å ha oppholdt seg i riket dei to siste åra (jf. § 13 første avsnitt), bør
det leggjast til grunn at danskar og svenskar – med eit morsmål som ligg svært
nær norsk – ikkje treng å gjennomføre 300 timar med godkjent norskopplæring.
Forslag
På bakgrunn av dette vil følgjande
representantar leggje fram følgjande forslag:
1.
Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget
med forslag til endringar i lov om statsborgarskap som opnar for dobbelt
statsborgarskap. Reglane om tilbakekalling, krav om løysing frå anna
statsborgarskap og tap av statsborgarskap må tilpassast dette nye prinsippet.
2.
Stortinget ber regjeringa legge fram forslag til ei
overgangsordning som sikrar at dei som har måtte seie frå seg sitt norske
statsborgarskap som følgje av erverv av framandt statsborgarskap dei siste 5
åra, vert sikra høve til å få tilbake sitt norske statsborgarskap ved søknad,
uavhengig av dei ordinære krava til opphaldstid i riket.
3.
Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om å lempe
på språkkrava til danske og svenske statsborgarar som søkjer norsk
statsborgarskap.
4.
Stortinget ber regjeringa legge fram desse forslaga til
lovendringar for Stortinget seinast hausten 2016.